tirsdag 12. juni 2012

Sommarfest på benken


Hei hei,
I dag har eg premiere som gjestebloggar her inne på  
Interiør og boligmessen 2012 - bloggen

Eg må innrømme at eg har aldri så lite premierenerver - for kva skriv ein gjestebloggar? Eg har tenkt så det har knaka, men har til slutt kome fram til at eg får gjere som eg alltid gjer i min eigen blogg. Skrive og vise bilete av ting frå livet mitt. 
I dette første gjesteinnlegget tenkte eg derfor å ta deg med på  
sommarfest på benken

Me er ein familie på fem buande i eit trangbudd rekkehus, og god orden og god plass til oppbevaring er alfa & omega for å unngå kaotiske tilstandar til ei kvar tid. Då me nyleg hadde flytta inn i huset bygde eg denne benken i ei nisje i veggen. Benken vart bygd av hobbyplate, ei lekte festa på veggen i bakkant og med to bein i forkant. I pyntelist vart festa på undersida av sitteplata, og til slutt vart det heile kvitmalt. Under benken hadde me tre korger - ei til kvar unge. Oppi korgene skjulte me sykkelhjelmar, skulesekkar og så vidare.

Akkurat dette fungerte veldig greit, men det vart ein lei tendens til at jakker, huer, sekkar, post og blader havna oppå benken i stadan for i skapet/i korgene/på plass. Dermed framstod gangen alltid rotete. Tidlegare i vår vart benken i gangen derfor erstatta med nokre bokhyller me hadde til overs.

Gangen FØR:

Gangen ETTER:

Livet til benken var imidlertid ikkje slutt, den har i stadan gjenoppstått i ein kortare versjon på barnerommet. I anledning den "nybygde" benken arrangerte me sommarfest og dukkeselskap på barnerommet forrige helg. Me "leika" at Anin Kanin hadde 1-årsdag. Søte kaker vart kjøpt inn på daglegvarebutikken, saft vart helt oppi mugger og det finaste dukkeservicet vart teke i bruk. Dei to minste ungane kosa seg i timesvis med festivitas, og storebror fekk vere i fred med kompisane i stova.

Då Anin Kanin fekk problem med å blåse ut lyset på kaka si, fekk ho heldigvis god hjelp av Simon og Alma. Sommarfesten på benken vart ein stor suksess både for kaniner, små søte bamsar og to små kvithåra gullungar. Og eg håpar du likte festen du også ;) 


Ha ein fin kveld der ute.
Gledar meg til me møtest i Bergen i september :)

Den Gode feen - Linda

12 kommentarer:

Jana sa...

how sweet party :-)

24 sa...

Herlig Linda :)

Ulla sa...

haha, herlig!:)

Hilde Kristin sa...

Så utrolig herlige bilder og skjønne gullunger!

Pink lady sa...

Hvilken fest!! Så sjarmerende! :) Blir i godt humør av bildene dine. Gleder meg til å se deg i september!!

Fru Fly * Heidi sa...

Jippi, mer av den gode feen! <3

Lisette sa...

herlige Linda, digger den dama;)

Maratonjenta sa...

Fantastisk søte bilder! Blir helt nostalgisk av hvor fort unga vokser opp.

Hærlige vimpler! Kan man egentlig få nok vimpler i hverdagen? Så fort man henger de opp blir det jo fest:-)

Gleder meg stort til september, messe og bloggetreff!

Hilsen, Maratonjenta!

Liliana sa...

Seems like it was a nice party :) Also beautiful pics :)

xx Liliana
http://delightfull.eu

Kine M sa...

For et herlig innlegg Linda! <3

decomarta sa...

What a photos! Can you give us the recipe for this yummines? It seems like it's some lemon curd with cheesecake?

tonje boganes sa...

Herlig! Fikk lyst å lage til en sommerfest for barna og bamsene deres jeg også:)