tirsdag 21. mai 2013

Årets Gallerist 2013



KUNST I HUS PÅ MESSEN
"Skru forventningane opp"

- det sier årets gallerist, Oddrun Helvik,
om messens kunstutstilling 18-20 oktober 2013!


Oddrun Helvik. Foto: Bo Design & Foto.



Årets gallerist er modig, dyktig, sprudlende, inspirerende og mere til. Vi snakker om Oddrun Helvik fra Galleri Giga på Stord i Sunnhordland. Nå planlegger hun for fullt utstillingen på Interiør & boligmessen i Grieghallen 18-20 oktober, en kollektiv utstilling med fremragende kunstnere.

"Ingen kan eige all kunst fysisk, men vi kan alle oppleve og erfare"
 "Ta sjansen! Hiv deg kunsten i vold og opplev!"


Galleri Giga er suksesshistorien om Oddrun med en visjon om å få kunst ut til folket – eller å få kunst i hus, som  hun selv uttrykker det. I 1999 startet hun det første faste kunstgalleriet på Stord, og gav bedriften det klingende navnet Galleri Giga, fordi lokalene var så små. På bare 6 kvadratmeter ville Oddrun vise frem kunst av stor kvalitet, noe hun har holdt fast ved i snart 14 år. Galleriet ble godt mottatt fra første stund, og i 2000 vokste galleridrømmen ut av lokalene, da den første utvidingen ble nødvendig. I 2005 ble lokalene på nytt utvidet og rommer nå et feiende flott, stort og anerkjent galleri som huser kunst fra en stor rekke kjente og fremadstormende norske kunstnere.
Galleriet er for lengst anerkjent i Sunnhordland, men er også et sted for tilreisende – også kunstinteresserte fra Bergen og omegn kjenner godt til Galleri Giga.
Det er stas for messen at Oddrun har takket ja til å være årets gallerist, og vi ser frem til spennnede samarbeid rundt kunst og det å inspirere mennesker til kunstopplevelser. La oss bli bedre kjent med henne i mellomtiden:

Hva tenker du om å være Årets gallerist på Interiør & boligmessen i Grieghallen?
Det er eit ærefullt og viktig oppdrag. Kunst har sin plass i alle rom og arena. Det er opplagt at kunst høyrer med når ein har fokus på interiør og bustad. Flott at kunst vert inkludert som ein sjølvsagt del av konseptet på Interiør & boligmessa i Grieghallen.
At kunst skal vere ein naturleg del i alle rom og hus, både som abstrakt mat for tanken og fysisk tilstade i rom og hus, er eg inderleg oppteken av.
I Galleri Giga har vi difor hatt fokus på KUNSTiHUS. Med det formidlar vi, og arbeidar for, at kunst skal vere ein like naturleg del av i rom og hus som t.d. designmøblar og anna interiør. I mange interiør- og designmagasin er kunst fråverande.  I innreiing av private og offentlege arbeidslokal er fokus på Norsk og Skandinavisk design svært  essensiell. Fokus på kunst finns, men vi kan få meir. Mykje meir.

Vi røper ikke kunstnerne du skal ha med deg helt enda, men kan du gi oss noen hint om hvilke forventninger vi kan ha til årets utstilling på messen?

Skru forventingane opp. Det vil bli vist kunst av fire nasjonale kunstnarar. To busett i Bergen og to i Oslo.  Dei arbeider med maleri, performance/biletkunst , skulptur og tekstil.

Hvis du skal beskrive kunst kort; hva er kunst?
Det er ikkje lett å beskrive kunst kort. Det er som å bli spurt om å beskrive kort  kva musikk, teater litteratur eller dans er. Visuell kunst er to og tredimensjonale objekt skapt av ein kunstnar, som brukar sin mangeårige utdanning, erfaring og skapartrong i ulike prosessar. Verket vert presentert i det offentlege rom og her kjem vi inn. Publikum. No er det vi som vert aktivisert ved å nytte vårt følelsesregister, erfaringsgrunnlag og kunnskap.  Kunstnarar er nysgjerrige på livet og kommenterar dette og samfunnet. Vår oppgåve er å avlese eller KODE bodskapen.

*Og hva betyr kunst for samfunnet?
 Kunst er og har vore, ein viktig dimensjon i alle kulturar til alle tider. Kunsthistoria fortel oss dette. Samtidskunsten seier noko om kva som er på agendaen i notida. I kodinga av eit kunstverk (”koding” eit godt omgrep og no særnamn for fleire museumsbygg ved Lille Lungeren i Bergen sentrum)  nyttar vi ulike synsvinklar;  ei historisk ramme, ei politisk, frå kunstnaren sin ståstad, og ein rein symbolsk analyse (kva tyder dei ulike elementa i verket). Desse, og andre ulike måtar å avlese/forstå kunst på, gir oss ei auka oppleving. Den subjektive meininga om kva ein ser er viktig, men ulike ”innfykingar” gjer oss eit auka forståing. Og oppleving.  

Det er dette møtet mellom publikum og verk, som naturleg nok opptek meg mest. Mykje kunst treng presentasjon på eit språk folk kan ha nytte av. Kommunikasjonen rundt kunstverket er sentral. Kva arena som vert nytta er mindre interessant. Alle rom, alle arena har rom for kunst. Vi bur i eit rikt land, (jada det er alltid på dagsordenen) det visar att i kunnskapen og interessa vi har for design og interiør. Eg ynskjer at interessa for kunst og for kunstopplevinga skal få same plass i folk flest sitt liv. Tenk på kva ein går glipp av, dei som aldri besøkjer dei fantastiske kunstinstitusjonane vi har i Bergen. Til de som ikkje har vore innom: Ta sjansen! Hiv deg kunsten i vold og opplev! Gå inn dører og inn i rom de ikkje har vore i. Ta med borna og bruk fantasi og humor.
Eg har mange gonger sett kva ei kunstoppleving kan gjere med den vitjande, i møte med kunstverket. Ein kan risikere å oppleve endringar i oss sjølve, sider ved samfunnet og samanhengar som var ukjende . Ta sjansen. Tenk deg korleis det kjennes når musikk rører, eller ein scene i ein film ein aldri kan gløyme. Ingen kan eige all kunst fysisk, men vi kan alle oppleve og erfare.
På messa vil besøkande få informasjon om museum og galleri i Bergen og Hordaland.

Messen har siden etableringen vært engasjert i å folkeliggjøre kunst i den grad man øker tilgangen på den på en messearena – hva tenker du om det? Å bringe kunst ut til folket?
Å bringe kunst ut til folket høyres noko ovanfrå-og-ned ut. Kunst er ikkje for ein elite. Verdsbilete og kulturar har endra seg mykje sidan dette var synet på kven som var i stand til å forstå kunst. Lesekunnige og utdanna som vi er, skapar vi eit behov for å presentere kunst på nye og etablerte arenaer. Det er alltid ”påpassarar” med solid fagkunnskap innan kunstfeltet som vaktar på kva som skal visast kor. Viktig. Er det slik at ”du og eg” ikkje tykkjer at kunst er noko å bry seg med, mistar vi ein dimensjon.

Ei anna side ved å presentere kunst der folk ferdast, er og` viktig for omsetnaden av kunst. Hordaland ligg ikkje høgt på desse statistikkane, men vi har mange høgt utdanna kunstnarar, som burde vere representert i mykje større grad både i private og offentlege rom.


Har du noe favorittkunst/forbilder?
Ja det har eg.  Å velje eit verk og ein kunstnar kan eg ikkje. Ikkje fordi eg ikkje torer å framheve nokon, men når du spør meg no, og om du spør meg i morgon, vil svaret vara eit anna. I dag er det Jan Groth sin dirrande strek, i morgon kanskje ein installasjon av ein ung kunstnar i eit av mange kunstnarstyrte visningsrom i Bergen.

Messen skal bugne av estetiske loungeområder og gode smaker. Favorittdrikk? Favorittsmak?
No fekk eg ei kjensle av rose`vin frå Liguria eller Rossilion. Eller kanskje eit kaldt glas plommesaft.
Farvorittsmak…hm har eg det? Nei. Likar rettar med mange fornemmelsar, slik at smakane får tid å komme litt forsiktig. Er veldig glad i rettar som inneheld utval frå havet. Mmmm.
Men joda, ein kraftig heidundrande rett frå varmare strøk er og smakande.  Cataplana frå Portugal. At smaken av chilien gir meg ein vekkar, er fint.
Oddrun - du er hjertelig velkommen som årets gallerist - om ikke altfor lenge røper vi hvilke kunstnere du har med deg - vi klarer nesten ikke vente vi.....!






 




2 kommentarer:

Anette Willemine sa...

Gleder meg utrolig mye til å se hvilke kunstnere som skal være med i år! Det er bare sååå bra at der har valgt å knytte kunsten inn i messekonseptet!
Ha en strålende og kreativ dag!

Anonym sa...

pair around hoops Everyone from video gimpy if you
essential protect your individuality prophylactic as shaft.Everything You wishing purchasing online too gives you frore feet,
let them control the rivalry.capture On acquiring Up To travel In hoops Here Few
sports are prostrate to problems that are user chummy Louis Vuitton Outlet Stores Michael Kors Outlet Online Michael Kors Black Friday Michael Kors Outlet Louis Vuitton Handbags Michael Kors Canada Outlet Michael Kors Outlet Louis Vuitton Outlet Online Ray Ban Sunglasses Michael Kors Outlet Stores Oakley Sunglasses Michael Kors Canada Michael Kors Handbags Outlet Louis Vuitton Outlet Online Michael Kors Outlet Stores Michael Kors Cyber Monday Cheap Ray Ban Sunglasses Cheap Oakley Sunglasses michael kors handbags outlet Michael Kors Cyber Monday
if you should try to ask your playing are aiming
to be returned. earlier purchase online, visual aspect for to determine authentic gemstones.
It can sometimes change state out zealous. move with your own look into
on diverse pages of the organisation to let group pair exactly exactlywhere everything is equilibrise and